Bli med på valkampkonferanse i Førde!

Publisert av: Aslak Owren Publisert: 03. juni 2025
Oppdatert: 03. juni 2025
Lesetid: ca. 2 min

Stad: Hellenes sine lokale på ytre Øyrane. Adresse: Øyrane 12
Dato: Laurdag 7. juni klokka 11.30 – 16.30

Bli med oss i valkampen i Sogn og Fjordane valkrins!

Valkampen til SV er drive av hundrevis av heilt vanlege folk frå alle krikar og krokar av fylket. Me har plass til alle, enten du vil steike vaflar, putte løpesedlar i postkassar eller stå på stand. Uansett erfaring og aktivitetsnivå er alle som vil hjarteleg velkomne til valkampkonferansen i Førde!

Det er gratis for alle medlemer. Det vert lønsj og rikeleg pausemat. Lokallaga betalar reise, om ikkje det går, betalar vi!


Ta kontakt på vestland@sv.no om de har spørsmål!

Program

11.30 Registrering. Kaffi og noko og bite i.
11.45 Velkomen til valkampsamling!
Frode Grimelid  ynskjer velkomen og leiar samlinga gjennom dagen. Presentasjonsrunde.

12.00 Stortingsvalet – kva går SV til val på? Hovudsaker. Valløfter.  
ved Hege Lothe, fyrstekandidat for SV i Sogn og Fjordane

13.00 Lønsj. Varm mat: Indisk kyllinggryte. (også tid til å drikke kaffi og prate litt saman)

14.00 Dørbanking – også i Sogn og Fjordane
ved Vibeke Johnsen

14.15 Korleis overbevise veljarar? Korleis snakke med folk?
På stand, i lønsjpraten, dørbanking.
ved Vibeke Johnsen, Hege Lothe og Alice Vie

14.30 Vi øver oss! Går i grupper og får oppgåver. Inkludert pause.

15.30 Vår valkamp i Sogn og Fjordane.
Dette gjer vi saman! Slik er planane. Debattar, gatefestar, sosiale medium, bedriftsbesøk. Oppdrag til lokallaga.
ved Sæmund Stokkstad og Jakob Andre Sandal

16.00 Open post!
Kva tykkjer du er vanskeleg å svare på? Kva vanskelege saker for SV? Kva tykkjer du er gode svar og gode saker frå SV? Idear til utspel eller opplegg.

16.30 Vi tek bilete
Av heile samlinga. Enkeltbilete av kandidatane – ulike bilete saman og enkeltvis.

SV-logo med slagordet "for dei mange - ikkje for dei få"