
Laurdag 7. og sundag 8. februar samla Vestland SV seg til fylkesårsmøte på Vestlandshuset i Bergen.
Partileiar Kirsti Bergstø vitja årsmøtet og heldt ei politisk innleiing om vegen vidare for SV. Innleiinga la grunnlaget for ein brei strategidiskusjon om korleis SV og venstresida skal styrkja seg i tida framover.
Årsmøtet handsama også dei ordinære årsmøtesakene og vedtok ei rekkje politiske fråsegner om aktuelle saker.
Politikken som blei vedteken på fylkesårsmøtet kan du lesa meir om her.