Av Åsmund Berthelsen, fylkestingsrepresentant for SV
Den folkelige motstanden mot vindkraft på land er stor – og veks. Politikarar i fleire kommunar lyttar til folk og seier nei til planinitiativ for å få bygd ut vindkraftindustri i naturen.
Svært mange vil ikkje ha øydelagt natur der dei bur – og alle andre stader.
Strategien med å seie ja til at kommunane skal få bestemme, og samstundes love pengar, har ikkje fungert. Det vert nei fleire stader likevel. Og når selskap skjønar at det vert eit nei, ja så trekker dei seg for å unngå eit nei.
Difor kjem forslaget i fylkestinget om å krevje at kommunane skal utgreie før dei kan seie nei. Dei som kjem med forslaget veit at ei utgreiing er fyrste steget på vegen mot eit ja til vindkraft. Praksis og erfaring tilseier det. Når utgreiinga ligg på bordet vert konklusjonen – samfunnsnytten er større enn miljøulempene – og det vert eit ja til både vindkraft og anna naturøyelegging.
Kommunane må få halde på retten til å seie nei, utan at dei vert pålagt utgreiing. Ei utgreiingsplikt vil også gje kommunar som alt slit med økonomien ekstra kostnader og meirarbeid. Til noko som kan vere bortkasta. Og så meiner eg at kommunar og lokalsamfunn skal få betalt for å verne natur – og ikkje for å øydelegge!
Kommunane har ansvaret for å forvalte areala – og skal gjere det i tråd med lovverket! For lova gjeld sjølvsagt også for kommunane. Eg er trygg på at både folk og folkevalde i kommunane som seier nei til å utgreie veit nok.
Og til slutt litt om vindkrafta som har andre store verknader enn dei direkte. Med meir og meir ikkje-regulerbar kraft inn i systemet skaper det ubalanse. Balanse mellom produksjon og forbruk må ein ha heile tida for at systemet skal fungere slik at alle får den krafta dei har behov for. Difor er det behov for balansekraft , og det er behov for effektkøyring i vasskraftverka for å sikre denne balansen. Effektkøyring har både miljøkonsekvensar, og det kostar. Det er kostnader som må leggast til når det er snakk om vindkraftutbygging og som folk flest og næringsliv må betale!

