Det må bli billegare og lettare å reise miljøvennleg

Publisert av: olavvlam Publisert: 14. februar 2019
Oppdatert: 28. januar 2022
Lesetid: ca. 2 min
Skal vi gjere det lettare for våre innbyggjarar å leve miljøvennlege liv, må det prioriterast i budsjetta. Marthe Hammer i BA.

Klikk her for å lese saken på ba.no

Verda treng rask reduksjon av klimautslepp. Det viktigaste vi kan gjere for å oppnå dette, er å redusere transportbehovet og gi folk gode, pålitelige, trygge og utslippsfrie alternativ. Det at buss og bybane er ein av dei store budsjettvinnarane til fleirtalspartia i fylkestinget for 2019 er derfor både rett, og heilt naudsynt. Skal vi gjere det lettare for våre innbyggjarar å leve miljøvennlege liv, må det prioriterast i budsjetta, i kroner og øre.

Bergen, Hordaland og det nye Vestland må ta ansvar for å redusere eigne klimautslepp på ein måte som også sikrar sosial rettferdighet. Det at barn kan reise gratis med buss til dei er 6 år, at ein kan reise med barnebillett til ein er 17 år, at studentbilletten vert billigare, er alle små, men avgjerande grep for å gjere det meir attraktiv å ta bussen framfor bilen.

Det er avgjerande for familiar som ikkje eig bil, og som er avhengig av bussen, men også eit viktig signal for alle oss som i for stor grad køyrer på våre barn til og frå aktivitetar, til og frå barnehage. Det å endre transportvanar tar tid, og skal vi hindre global oppvarming utover 1,5 gradar, må vi satse på dei kommande generasjonane, vi må satse på barna.https://9b87d0f84b95a9f22b83a4955e83589b.safeframe.googlesyndication.com/safeframe/1-0-38/html/container.html

I fjor innførte vi sonetakst for heile Hordaland, det gjorde at heile Hordaland kan nytte mobilapp og skyssapp. No påskjøne vi den trufaste pendlaren. Den som nyttar bussen kvar dag, den som vel å ikkje stå i bilkø i rushet. Periodekort vaksen skulle eigentleg aukast til 830 kr 1. februar 2019, i staden setter vi det ned til 780 kr, ein reduksjon på 50 kr. Kombinert med billegare bussbillettar så betrar vi busstilbodet også i 2019. Og dette i tillegg til dei over 500 nye bussavgangar som har komme i inneverande fireårsperiode.

Skal vi nå måla våre, må fleire over på buss og bane. Da må kollektivtilbodet vere så godt, så enkelt og til ein pris som gjer at ein totalt sett føretrekker å reise kollektivt framfor å nytte personbilen.