Livet starta i havet. Og havet er framleis grunnlaget for livet på jorda. For
Vestland er tilstanden i havet og i fjordane avgjerande.
Men det har skjedd store endringar dei siste tiåra, i havet og i fjordane.
Livsgrunnlaget er i ubalanse. Endringane skjer på grunn av menneskeleg
aktivitet. Nedgang i fiske- og sjøfuglbestandar er symptom på at noko er gale
med dei marine økosystema. I delar av verda held marine økosystem på å
kollapse.
Endringane i havet er større enn tidlegare rapportert i følgje 6.hovudrapport frå
klimapanelet til FN.
Auka CO2-utslepp gjer havet varmare, surare og meir oksygenfattig. Dette
trugar økosystema, og med det kjelda til mat. Det same gjer overfiske,
forsøpling, ureining, mellom anna frå industri, plast, kloakk, overgjødsling og
gruveslam. Ein tredjedel av alle fiskebestandar er overfiska og sjøfuglbestanden
er i sterk nedgang. Den biologisk verdfulle iskantsona er opna for olje-og
gassverksemd, og i motsetning til nesten alle land i verda tilet norske
styresmakter dumping av gruveavfall i norske fjordar (Repparfjorden og
Førdefjorden). Aukande havvindutbygging i landa rundt oss, verkar også inn.
Det er omfattande planar for å bruke havet meir til næring og energiforsyning
med havvind. Vidare er det planar om store bruprosjekt over fleire fjordar. Alle
aktivitetane og utbyggingane vil påverke økosystema i havet og fjordane. Men
det er stor uvisse knytt til konsekvensane for livet i sjøen både av eksisterande
og nye aktivitetar. Det er vedteke forvaltningsplanar og vernesoner, og det vert
arbeidd med å opprette marine verneområde i fjordane. Men er dette sterke nok
avgrensingar for å hindre øydeleggande aktivitetar og tiltak.
Vestland har mellom anna to konkrete utfordringar med bruken av havet med
fjordane, oppdrett og deponering av gruveslam. I Vestland er kystområde og
fjordane i raud sone i trafikklyssystemet for oppdrettsnæringa. Det betyr
næringa ikkje er berekraftig og at produksjonskapasiteten må ned til
førekomsten av lakselus på villaks er kraftig redusert.
I Førdefjorden ved Engebø i Sunnfjord er det gjeve driftskonsesjon til å dumpe
250 millionar tonn gruveslam på fjordbotn. Havforskingsinstituttet ( oktober
2019) og Miljødirektoratet (november 2014)har på fagleg grunnlag frårådd
konsesjon fordi økosystemet vil bli skada og det biologisk mangfaldet redusert.
Eg meiner Vestland fylkeskommune må engasjere seg meir i arbeidet med
bruken og forvaltninga av havet, kysten og fjordane. Difor vil seg stille nokre
spørsmål til fylkesordføraren: