Forside Høyringsfråsegn frå Vestland SV Høyringsfråsegn frå Vestland SV
Publisert av: vagan
Publisert: 02. oktober 2019
Oppdatert: 02. oktober 2019
Lesetid: ca. 1 min
Her kan du lese Vestland SV sitt høyringsfråsegn til NVE sitt «Forslag til nasjonal ramme for vindkraft»
Nedst på sia kan du lese heile høyringsfråsegna til Vestland SV
Oppsummering:
- Kunnskapsgrunnlaget i forslaget til nasjonal ramme for vindkraft har manglar om følgjene for næringsliv, friluftsliv, artsmangfald og busetting
- Målet for den vidare handsaminga må vere å få ein samla plan der område som er uaktuelle for vindkraftutbygging vert peika ut.
- Vestland SV meiner det må kome ein verneplan for kyst- og fjellandskap fri for vindkraftutbygging og andre tunge, tekniske inngrep.
- Vestland SV meiner at allereie gjevne konsesjonar må vurderast på nytt på grunn av manglande naturkartleggingar.
- Det er fram til no ikkje lagt fram nokon dokumentasjon på at det er ein samanheng mellom utbygging av vindkraft på land og reduksjon i bruken av fossil energi.
- Før vidare utbygging av vindkraft på land og i havet må det gjennomførast ei grundig vurdering av kor mykje fornybar energi vi treng ,og korleis det er mogleg å redusere behovet for både fossil og fornybar energi.
- Kommunane må ha ein rett til å seie nei til utbygging.
- På grunn av svært omfattande konfliktar knytt til planane m.a. regionale og nasjonale verdiar innnan landskap, friluftsliv, naturmangfald, kulturminne/kulturmiljø og reiseliv må alle areal i Hordaland og Sogn og Fjordane verte tekne ut av nasjonal ramme for vindkraft.