Dei politiske utvala i Vestland SV er organisert etter ulike saksfelt i politikken. Dei arbeider for at SV har oppdatert og relevant politikk, og leggje opp til god og ope debatt i partiet. Utvala består av medlemmer frå heile fylket som har spesiell interesse for eller kompetanse på dei ulike utvalsområda. Dei veljast av fylkesstyret for eitt år av gongen.
Lenke til skjema for alle utval
Kva gjer ein i utvala?
Utvala møtast i hovudsak digitalt, men skal også leggje opp til ein eller to fysiske samlingar i året. På møta diskuterer ein politikk, arbeider med fråsegner, debattinnlegg eller andre dokument saman eller driv med fagleg påfyll i form av lesesirkel eller føredrag. Utvala organiserer sjølv aktiviteten sin, og har stor friheit i kva ein ynskjer å finne på.
Kven kan bli med?
Politiske utval består, fyrst og fremst av folk med engasjement. Dette er staden for deg som vil lære meir om eit politikkfelt, ynskjer å bidra med dine kunnskapar og få dykke godt ned i eit saksfelt. Medlemma i utvala blir utpeika av fylkesstyret ein gong i året, på våren etter fylkesårsmøtet.
Kvifor har me politiske utval?
Politikkutvikling handlar om å tileigne seg kunnskapar om ei sak, diskutere eit problem og finne politiske løysingar på det. Utvala våre er viktige bidragsytarar til debatt og vedtak på ny politikk om nye saker. Og for nye løysingar på gamle saker. I samband med årsmøter og i valkamp er utvala med i arbeidet med å fremje sine politikkområde, og skrive fråsegner.
Vestland SV har i dag fire operative politiske utval, og mål om å få fleire.
Miljøpolitisk utval arbeider med grøn politikk for å stanse klimaendringane, verne natur, samt sikre dyreliv og artsmangfald.
Leiar: Jens Revold
Telefon: 41 43 49 33
E-post: jens.revold@gmail.com
Kvinnepolitisk utval arbeider med feministisk politikk for kvinnekamp og likestilling.
Leiar: Kristin Hartvedt
Telefon: 90 02 21 16
E-post: kristin.hartvedt@gmail.com
Distriktspolitisk utval arbeider for levande distrikt i alle deler av Vestland, og favner om mange felt som til dømes kommunal-, familie-, nærings- og landbrukspolitikk.
Leiar: Kai Øystein Søvde
Telefon: 40 24 29 42
E-post: kaisovde@gmail.com
Fagleg utval arbeider for ein raud arbeidslivspolitikk på lag med fagrørsla, for offentleg velferd, for fellesløysingar, og mot privatisering.
Leiar: Knut Remi Heimvik
Telefon: 92 26 20 66
E-post: knut.remi.heimvik@fagforbundet.no
Internasjonalt utval arbeider med utanrikspolitiske spørsmål, tryggleikspolitikk, FN, EU/EØS og andre internasjonale organ.
Leiar: Audun Syltevik
Telefon: 90 66 65 44
E-post: audun.syltevik@sv.no
Funkisnettverket arbeider med å betre funksjonshindra sine moglegheiter til å delta i samfunnet, og mot diskriminering på bakgrunn av funksjonsevne.
Leiar: Maria Steimler
Telefon: 92 45 13 64
E-post: msteimler@hotmail.com
Inkluderingspolitisk utval arbeider med i asyl- og flyktningpolitikk, integrering, inkludering, antirasisme og mangfald.
Leiar:
Telefon:
E-post:
Vestland SV har tidlegare hatt, eller hatt mål om å få aktive utval på desse områda:
Fylkesstyret jobber ikkje med å opprette nye utval, men vil støtte opp om initiativ blant medlemmer. Kontakt vestland@sv.no om du vil vere med/ta i eit tak.