Alle auge på Rafah

Publisert av: sigrid.sandal Publisert: 13. mai 2024
Oppdatert: 13. mai 2024
Lesetid: ca. 2 min

Appell av Alexander Papas, 11. mai 2024 i Nygårdsparken, Bergen

Vennar!

Vennar av Gaza. Vennar av Palestina.

Vennar av solidaritet. Vennar av rettferd.

I dag har me slått leir i Nygårdsparken. Det er fordi me veit at det i altfor lang tid har skjedd ein urett, fordi me er klare over at det umenneskelege framleis skjer, og fordi me ikkje kan tillata at den store urettferda skal fortsetja mot våre medmenneske på Gazastripa.

Sidan 7. oktober 2023 er over 30 000 p palestinarar blitt drepne. Over 70 000 palestinarar er skadde, og 1,7 millionar menneske er drevne på flukt. 7000 palestinarar er sakna, og over 17 000 barn er drevne vekk frå familiane sine.

Dette er vonde tal, men det er ikkje berre tal, vennar. Det er menneske med eigne liv, håp og draumar. Det er barn som aldri får sjå foreldra sine igjenatt, det er søsken som aldri vil kunna leika saman igjennokosinne, det er foreldre som mister det kjæraste dei har, og det er kjæreastar som aldri meir vil kunna halda rundt ein annankvarandre. Det er raserte heimar, byar og bygder som er jamna med jorda, og det er samfunn som er totalt utsletta. 

Men kKrisa på Gazastripa, kjære vennar,  handlar ikkje berre om 7. oktober 2023. Det veit me alle så inderleg godt. Dette handlar om ein langvarig okkupasjon, om tiår med undertrykking, og det som faktisk er eit folkemord – og alt dette gjort av ein apartheidstat. Det er perverst å sjå korleis denne apartheidstaten har operert opp igjennom åra, og det er grusomtfullt å sjå korleis dei ser ut til å villa fortsetta.halda fram.

Det er mørkt no. Palestinarar har i lang tid flykta sørover til Rafah, og no vil apartheidstaten gjennomføra ein bakkeinvasjon, fullskala, på den siste tilfluktsstaden i Gaza. Derfor er alle våre augo no retta mot Rafah. Det som er i ferd med å skje der er galskap og vondskap, og me kan ikkje la det skje.

Sjølv om det er mørkt, så må me og så vil me klamra oss til det som er av håp. Og sjølv om me kan sei mykje om Sjå på mediebiletet, så tenker eg at me skal sjå litt på mediebiletet. og merksemda rundt Eurovision. Sjå på sosiale media, på dokumentasjonen på som skjer der.siale medier. Sjå teltaksjonen ved universitetet, sjå demonstrasjonane på Torgallmenningen,. sSjå rundt dykk her i Nygårdsparken. Me er mange som ser og høyrer kva som skjer på Gazastripa, og me forstår at dette ikkje kan forsette.halda fram. Me er samla i solidaritet, ikkje berre for å snakka om det me ser, men for å krevja handling! 

Regjeringa og verdssamfunnet må gå frå ord til handling!

Me krev at verdssamfunnet aukar presset mot Israel.

Me krev at norskproduserte våpen ikkje hamnar i Israel.

Me krev boikott, deinvestering og sanskjonar mot Israel.

Me krev at oljefondet trekkjer seg ut av Israel. 

Me krev ei umiddelbar våpenkvile no.

Vennar, d. Det er så vakkert å sjå at me er samladykk her i Nygårdsparken. For mMe tek fortsatt ramleis kampen, og står i djup solidaritet med våre medmenneske i Gaza.

Stans drap av sivile!

Stans okkupasjonen!

Saman for Rafah!

Fritt Palestina!