Hege Lothe vald som 1. kandidat til Stortinget

Publisert av: sigrid.sandal Publisert: 13. november 2024
Oppdatert: 13. november 2024
Lesetid: ca. 2 min

Hege Lothe (52) frå Gloppen er klar som stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane. Laurdag vart ho vald med stor applaus på nominasjonsmøtet på Sandane. 

SV vil ta kampen for ein aktiv distriktspolitikk, velferd for alle og eit fellesskap der staten, fylket og kommunane stiller opp for innbyggjarane, seier Hege Lothe, som ser fram til valkampen i Sogn og Fjordane.
– Eg stiller til val fordi eg vil ha eit rettferdig samfunn som tek vare på folk og naturen rundt oss, og så ynskjer eg ei levande framtid for bygdene og byane i Sogn og Fjordane. 

Hege Lothe er leiar i Vestland SV, landsstyremedlem, fylkesstyrepresentant i Vestland og kommunestyre- og formannskapsmedlem i Gloppen. Til vanleg arbeider ho som organisasjon- og kommunikasjonsrådgjevar i Noregs Mållag.

På 2. plass er Alice Hestad Vie (35) frå Askvoll, medlem av kommunestyre- og formannskapet i Askvoll og ein velgjarmagnet. Ho er avdelingsleiar for geoteknikk i Sunnfjord Geo Center. 

På 3. plass er Sæmund Stokstad (39) frå Lærdal, medlem av kommunestyret- og formannskapet og jordskiftedommar i Sogn og Fjordane jordskifterett. 

Dette er stortingslista for SV i Sogn og Fjordane: 

1. plass Hege Lothe (1972) Sandane i Gloppen  

2. plass: Alice Vie (1989) Bur i Stongfjorden i Askvoll
3. plass: Sæmund Stokstad (1985), Borgund i Lærdal
4. plass: Jakob André Sandal (1978), Skei i Jølster  
5. plass: Vibeke Johnsen (1966) Sogndal 
6. plass: Jon Valur Olafsson (1987) Eikefjord i Kinn   
7. plass: Rana Krizan (1988) Nordfjordeid i Stad   
8. plass: Rasmus Loe (2002) Jostedalen i Luster
9. plass: Tea Volle (2004) Høyanger
10. plass: Åsmund Berthelsen (1952) Naustdal i Sunnfjord