Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok 8.oktober i år å vere «innstilt på å delta i eit mineralråd for fylket om dette vert skipa innan utgangen av november 2019.» Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane har fått fullmakt til å gje endeleg svar på slik deltaking. Utvalet har også fått fullmakt til å peike ut fylkeskommunal representasjon og å yte økonomisk bidrag. Sogn og Fjordane Fylkeskommune oppmodar Vestland Fylkeskommune om å finansiere og følgje opp mineralrådet vidare.
Eit fyrste spørsmål er om Vestland Fylkeskommune vil handsame spørsmålet om å delta i eit mineralråd, finansiere det og følgje det opp vidare? Eller vil fylkeskommunen vurdere andre måtar å arbeide med å utvikle ei viktig næring i fylket, på ein berekraftig måte?
Mandatet til mineralrådet er i følgje framlegget til reglementet å «Arbeide for industriell utnytting av mineralressursane i fylket.
Mineralrådet skal halde seg oppdatert om utviklinga innan mineralnæringa og ha særleg fokus på:
– Framtdisretta mineralforvaltning.
– Mineralretta næringsutvikling.
– Mineralretta utdanning.
– Samla infrastruktursatsning.
– Berekraftig utvikling.
– Vidareforedling.
– Handtering av restmasse.
– Aktuelle mineralprosjekt.»
Det mest aktuelle mineralprosjektet i Vestland no, er planane om mineralutvinning i Engebøfjellet i Vevring og Sunnfjord kommune. Søknaden om driftskonsesjon frå selskapet Nordic Rutile (NR)vert no handsama i mineraldirektoratet, etter avslutta høyringsrunde der både Askvoll, Naustdal og Sunnfjord kommune har sendt høyringsfråsegner som tilrår konsesjon om nærare fastsette vilkår og krav vert innfridde.
NR planlegg å utvinne minerala granat og rutil med ope dagbrot i over halvparten av driftstida på om lag 30 år, og å deponere gråberg på land og restmassar med tilsette kjemikaliar i Førdefjorden. Planane er svært omstridde med innvendingar frå forsking, direktorat og stor motstand frå lokalbefolkning og miljøorganisasjonar. I Sunnfjord kommunestyre tilrådde eit knapt fleirtal konsesjon til NR (23 mot 22 røyster). Eit samla Sunnfjord kommunestyre går inn for mineralutvinning i Engebøfjellet på nærare fastsette vilkår. Fleire av vilkåra og krava er like, men medan fleirtalet på 23 tilrår konsesjon, frårår mindretalet på 22 å gje konsesjon til Nordic Rutile.
Eit anna selskap, Artic Mineral Resources (AMR)har varsla og orientert om planar for ein alternativ driftsmåte, utan ope dagbrot og utan å dumpe restmassar i fjorden.
Det er lagt fram juridiske vurderingar som stiller spørsmål med utvinningsrettane til NR.
Får Fylkestinget i Vestland seg førelagt sak om mineralnæringa slik at den som skal representere fylkeskommunen i mineralrådet får eit grunnlag for arbeidet? Eit anna spørsmål er om Vestland fylkesting vil få høve til å uttale seg om planane for mineralutvinning i Engebjøfjellet i Vevring. Og så vil eg gjerne vite om Vestland fylkeskommune vil støtte Sunnfjord kommune i kravet om «full utnytting av ressursane for å unngå bruk av sjødeponi», slik det står i vedtaket i Sunnfjord kommunestyre den 12.11.2019. Vidare vil eg også gjerne vite om fylkeskommunen vil støtte Sunnfjord kommune i kravet om at, «Det må bli gjort ei ny totalvurdering av kjemikalier tenkt brukt i Engebøprosjektet.»
Det prinsipielle i dette er kva fylkesordføraren meiner er ei berkraftig og framtidsretta mineralutvinning som det foreslåtte mineralrådet mellom anna skal ha fokus på. Er det berekraftig å dumpe store mengder restmassar/gruveslam med til dels giftige kjemikaliar i ein av fjordane våre og å ha ope dagbrot? Er det ikkje meir berekraftig og framtidsretta med underjordsdrift frå dag ein og utan å dumpe restmassar i sjøen. Og som sikrar stor lokal verdiskaping og positive verknader for lokalsamfunn og andre næringar i området.
Framlegg til vedtak:
Vestland fylkesting ber om å få sak om mineralutvinning i Vestland, om å opprette mineralråd, og særleg om dei konkrete planane for mineralutvinning i Engebøfjellet i Vevring i Sunnfjord kommune.
Til fylkesordførar Jon Askeland
Interpellasjon til Fylkestinget i Vestland fylkeskommune – 17.-18.12.2019
Frå Åsmund Berthelsen, fylkestingsrepresentant for Vestland SV
Fylkesordførar svarar slik 18. desember 2019:
«Første spørsmål er om Vestland fylkeskommune vil handsame spørsmålet om å delta i eit mineralråd, finansiere det og følgje det opp vidare, eller om fylkeskommunen vil vurdere andre måtar å arbeide med utvikling av ei viktig næring i fylket. Etableringa av mineralrådet er eit lokalt initiativ frå dei to kommunane på kvar side av Førdefjorden der sjødeponiet frå rutil-uttaket er planlagt. Kor vidt mineralrådet er ein god modell for resten av Vestland fylkeskommune, bør greiast ut nærare. Fylkesordføraren meiner fylkeskommunen også bør vurdere andre måtar å arbeide med mineralressursar.
Eit anna spørsmål går på om fylkestinget i Vestland vil få høve til å uttale seg om planane for mineralutvinning i Engebøfjellet i Vevring. Fylkesordføraren viser til at fristen for å gje fråsegn til søknad om driftskonsesjon gjekk ut 15. september i år. Sunnfjord kommune fekk etter søknad høve til å gje fråsegn med frist 1. november 2019. Det ligg difor ikkje til rette for fråsegn frå Vestland fylkeskommune. Spørsmåla om ev støtte til Sunnfjord kommune i kravet om full utnytting av ressursane for å unngå bruk av sjødeponi, samt krav om ny totalvurdering av kjemikaliar i Engebøprosjektet, blir dermed mindre aktuelle.
Trass i nokre atterhald, vil mineralressursar og mineralnæringa vere eit viktig saksfelt for Vestland fylkeskommune. Ei sak om korleis fylkeskommunen kan arbeide med feltet på ein god måte vil difor vere ønskjeleg. Administrasjonen opplyser at dei kan fremme ei slik sak i løpet av første halvår 2020.»