Frå høgre: Marthe Hammer, 1. kandidat og Alexander Papas, 2. kandidat til Stortinget for SV i Hordaland.
Stem SV for å utvide velferda, sikre kvardagsøkonomien, og stoppe natur- og klimakrisa!
Hordaland står foran eit retningsval. Ei mindretalsregjering med Arbeidarpartiet vil ikkje levere den forandringa som vi treng, men gje høgresida påverknad i mange saker. Det er berre eit sterkt SV som vil gje den krafta som trengs for å utvide velferda, utjamne forskjellar, sikre kvardagsøkonomien og stoppe natur- og klimakrisa.
Mindre forskjeller og bedre velferd
Dei økonomiske forskjellane er for store. Dei rikaste drar frå og bidreg for lite til fellesskapen. Alt vert dyrare og det kuttast i offentlege tenester. Mange uroar seg for eigen økonomi. Det er ein trussel mot demokratiet. Vi treng ein ny kurs.
SV vil:
Auke barnetrygda slik at færre barn veks opp i fattigdom.
Sikre fleire folk på jobb i helse, skule og barnehage.
Ordne billegare tannhelse. Det skal ikkje koste meir å gå til tannlegen enn til legen.
Bygge flere bustader som folk har råd til, og begrense korttidsutleige som Airbnb.
Auke skattane for dei rikaste, og senke skattane for dei med låg inntekt.
Stans klima- og naturkrisa
Klima- og naturkrisa er her, og den gjeld oss alle. Det vert meir flom, ras og ekstremvêr, og i verda auka matrisiko, konflikt og fare for liv. Men vi kan framleis snu utviklinga. SV vil kutte utslepp raskare, og verne og tilbakeføre natur.
SV vil:
Satse stort på grøn industri, flytande havvind og offentleg transport.
Gå mot kraftnæringa si rasering av fjell- og kystnatur.
Stanse gruvedrift på havbotn, og kreve lukka oppdrettsanlegg.
Hindre utbygging av nye hyttefelt i urørt, sårbar eller verna natur.
Stoppe monsterbrua Hordfast, og bygge rassikker veg og jernbane.