Stem SV i Sogn og Fjordane!

Kva vil SV?
Politikken vår skal løyse problem i kvardagen til folk – ikkje gje fordelar berre til nokre få. Ein heilt vanleg jobb skal vere nok til å forsørge eit heilt vanleg liv, eige heimen din, klare husleigeutgiftene og straumrekninga, ha råd til klede og fotballsko til ungane og vere trygg på at du har råd til gåve når ein bursdagsinvitasjon dukkar opp.
Mindre forskjellar og betre velferd
Forskjellane aukar fordi dei rikaste ikkje bidreg nok til fellesskapet. Det er ein trussel mot demokratiet og vår felles velferd. Difor treng vi ein politikk for å trygge kvardagsøkonomien din og folk rundt deg. SV vil at folk skal ha ein jobb som gjev ei inntekt å leve av, og ein sterk velferdsstat som sikrar at alle får eit likeverdig tilbod der dei bur. Då må kommunane ha nok pengar og god økonomi til å syte for helse, omsorg, skule og kultur.
Ta vare på naturen, og få fart på ei rettferdig grøn omstilling
Det blir meir flaum, ras og ekstremvêr fordi vi ikkje kuttar utslepp og tek vare på naturen. SV prioriterer trygge og rassikre vegar framfor store naturøydeleggjande samferdsleprosjekt. Vi treng politisk kontroll på krafta for å sikre industri og kutte utslepp. Det hastar å omstille oss til fornybar industri. SV vil utvikle grønt næringsliv og eit berekraftig reiseliv. Vi vil ha statlege tilskot til lågutslepp hurtigbåtar som kan bli bygd i Sogn og Fjordane.
Tap av natur og klimaendringar trugar naturmangfaldet og livet på jorda. Storstilt vindkraftutbygging på land, som planane for Snøheia og Høyangerfjella, er ikkje løysinga. Vi seier også nei til ammoniakkfabrikk på Holmaneset i Bremanger. SV vil sikre dei verna vassdraga. SV støttar klimatilpassingsarbeid og vil auke satsinga frå Stortinget på dette.
Å produsere mat lokalt er miljøvennleg, gjev matvaretryggleik og styrker beredskapen. Vi må stimulere til investering og drift på dei små og mellomstore bruka. Eit styrka landbruk er avgjerande for busetting i alle delar av Sogn og Fjordane.
Verda treng meir internasjonal solidaritet
ig og brot på folkeretten. Vi vil hjelpe offera for krig og forfølging og auke bistandsbudsjettet.
Angrep frå ytre høgre på minoritetar, rettigheiter og demokrati får skadelege utslag i heile verda. Noreg må vere ei motvekt til dette, og arbeide for demokrati og ytringsfridom og for at grunnleggande behov vert dekte i andre delar av verda. Her i Sogn og Fjordane vil vi setje antirasisme, inkludering og skeive sine rettar på dagsorden.
Ei stemme til SV gjev resultat!
Dei siste fire åra har ikkje SV vore med i regjering. Derimot har vi forhandla statsbudsjett med regjeringa. SV har gjennom fire år frå Stortinget levert store velferdsreformer. Vi har nesten dobla barnetrygda slik at færre born veks opp i fattigdom. SV har auka studiestøtta og pensjonen til einslege minstepensjonistar. Kjernetid i SFO har blitt gratis for 1. til 3. trinn og ein halv million unge vaksne har fått billegare tannhelsetenester. Vi har stoppa oljeleiting i nye område og gruvedrift på havbotnen.
