
– Det er viktigaste med vedtaket fylkestinget i dag, om fordeling av ressursar til dei vidaregåande skulane i Vestland, er at det sikrar gode skular og ein desentralisert skule- og tilbodsstruktur i Vestland, seier Åsmund Berthelsen (SV), leiar i hovudutval for opplæring og kompetanse.
– Det er viktig for både elevane, dei tilsette, for arbeids- og næringsliv og resten av lokalsamfunna. Rapporten om ressursfordeling som ligg til grunn for vedtaket er klinkande klar i sin konklusjon, modellen som vi har fungerer etter hensikta. Den treffer godt, og den er både fleksibel og robust, seier Åsmund Berthelsen.
Rapporten syner at meir fordeling etter elevtal vil gje omfordeling frå små til store skular, og frå distrikt til sentrum.
– Det vil få negative konsekvensar for dei skulane som får trekk i ressursane og etter kvart vil det bety nedlegging. Ei rein elevtalfinansiering ville få dramatiske følgjer for mange med nedlegging og sentralisering, seier Åsmund Berthelsen.
– For å unngå for mange små klasser må me tenkje nytt, seier Åsmund Berthelsen.
– Med den strukturen vi har i Vestland vil vi få ein del mindre grupper, om vi skal greie å gje alle elevane eit tilbod nær der dei bur og for å sikre arbeids- og næringslivet i heile Vestland arbeidskraft i framtida. I arbeidet med å sikre eit breitt tilbod må fylkeskommunen bygge på kreative løysingar som ein alt har, mellom anna Stryn-modellen, Måløy-modellen og med Kvam vgs sitt kombinasjonsforsøk.
Det har vore snakka mykje om alle dei ledige plassane i undervisningsromma ved dei vidaregåande skulane i Vestland, men dei siste søkjartala for komande skuleår syner at det er fleire søkjarar enn elevplassar. Særleg gjeld det i Bergens-området. Utanom Bergen er det stort sett balanse mellom tal søkjarar og plassar, med unnatak av to av inntaksregionane.
– Så den store utfordringa på kort sikt er å skaffe nok plassar i Bergens-området, seier hovudutvalsleiar Åsmund Berthelsen til slutt.
Alle parti bortsett ifrå Høgre og FrP røysta for å halde på den fordelingsmodellen som sikrar den desentraliserte skule og tilbodsstrukturen som er i Vestland.
