Fyrsteutkastet til SV si fylkestingsliste er klart

Nominasjonsnemnda har levert fyrsteutkast til SV si valliste til fylkestingsvalet

Nemnda er delt om kven som skal vere på fyrsteplass på lista. Eit fleirtal på fire ynskjer Alexander Papas (25) på fyrsteplassen, medan eit mindretal på ein går inn for Asle Olsen (45) på topp.

Alexander Papas er opphavleg stordabu, busett i Bergen og jobbar som lærar. Han representerer SV i fylkestinget i dag og er vara til Stortinget.

Asle Olsen frå Bjørnafjorden er oljearbeidar, gruppeleiar for SV i kommunestyret i Bjørnafjorden og styremedlem i Vestland SV.

Vidare på lista har nemnda innstilt Marianne Sæhle (60) på andreplass og Hege Lothe (54) på tredjeplass. Marianne Sæhle er gruppeleiar for SV i fylkestinget og har lang erfaring både som folkevald og tillitsvald i Norsk Sykepleierforbund. Hege Lothe (54) frå Gloppen, arbeider for Noregs mållag og representerer SV i fylkestinget i Vestland og kommunestyret i Gloppen.

Heile lista er vedlagt her:

Vallista skal no på høyring til organisasjonen og basert på innspela frå lokallag og medlemmer skal nemnda lage eit endeleg framlegg til liste som vert lagt fram 08.10.26. Vallista skal vedtakast av nominasjonsmøtet til Vestland SV som finn stad i Bergen den 07.11.26.

Nemnda har bestått av Steinar Nørstebø (leiar), Vibeke Johnsen, Lina Kristine Tennefoss Vatshelle, Nils Magne Blålid og Charlie Meurer-Lunde.

Forklaring av dissensen:

Eit fleirtal i nemnda beståande av Nørstebø, Johnsen, Blålid og Meurer-Lunde ynskjer Alexander Papas på fyrsteplass på lista.

Eit mindretal beståande av Vatshelle ynskjer Asle Olsen på fyrsteplass. I så fall går Alexander Papas inn på fjerdeplass på lista.