Vestland SV inviterer til valkampfestival i Bergen, søndag 8. november. Det blir spanande politisk innhald, eit breitt utval av workshops, tale og generaldebatt med partileiar Kirsti Bergstø, og den største dørbankaksjonen i SV si historie!
Vi ladar opp til eit kommune- og fylkestingsval i 2027 som vil vere avgjerande for om vi kan få ned forskjellane, kutte klimagassutsleppa, verne naturen og sikre velferda i heile landet.
På programmet vil det vere godt opplegg for både aktivistar, tillitsvalde og kandidatar. Arrangementet er gratis, ope for alle, og du får lunsj. Og best av alt? Du får møte kjekke SVarar frå heile fylket!

Påmelding
Arrangementet er gratis, og ope for alle. Du melder deg på gjennom billettsystemet Checkin.
Praktisk informasjon
Arrangementet skal vere på Vestlandshuset i Bergen, med adresse Vestre Strømkaien 13 (inngang D). Inngangen vil vere godt merka.
Program
Meir informasjon om innhaldet kjem, og tidsskjema mellom bolkane kan justerast. Dei ytre rammene er 09:30-16:30.
| 09:00 | Kaffi og mingling |
| 09:30 | Politiske innleiingar |
| 11:00 | Pause og keynotes |
| 11:15 | Workshops for kandidatar, tillitsvalde og aktivistar |
| 12:15 | Lunsj |
| 13:00 | Tale og politisk situasjon ved partileiar Kirsti Bergstø |
| 15:00 | Den største dørbankaksjonen i SV si historie |
| 16:30 | Vel heim |
