Går toget no, Knut Arild?

Publisert av: vestland Publisert: 22. september 2020
Oppdatert: 27. januar 2022
Lesetid: ca. 2 min
K5 – ny veg og bane Arna – Voss er potensielt eit av dei flottaste utviklingsprosjekta i Noreg nokon gong, det skriv Kjartan Haugsnes, Varaordførar Vaksdal

K5 – ny veg og bane Arna – Voss er potensielt eit av dei flottaste utviklingsprosjekta i Noreg nokon gong. Det er eit prosjekt som tek sikte på å korte ned reisetida med tog mellom dei to største byane i Noreg med nesten ein time. Det er eit prosjekt som gjer E16 – hovudvegen mellom Oslo og Bergen effektiv og trygg. Det er eit prosjekt som banar veg for at Bergen kan utvikla seg mot aust samstundes som Hardanger/Voss og Vaksdal kjem nærare byen. Og til slutt er det eit prosjekt som har i seg ei av dei mest storslåtte sykkelprosjekta i landet, langs den gamle jernbanelina. 

Trudde vi.

No ser det diverre ut som om prosjektet vert redusert ned til litt rassikring Trengereid – Stanghelle. Med dette skal regjeringa «svare ut» dødsvegen. Men ingen såg for seg at det nye namnet «omvegen» Ei slik trinnvis utbygging vil på sikt verte dyrara seier Statens Vegvesen, byggeperioden vert og monaleg lengre og dei mest kyniske av oss trur ikkje jernbanen nokon gong vil kome. 

I ei tid der klimakrisa har slutta å banke på døra, men er komen inn på kjøkenet, leikar samferdselministeren med tankar om å skrinlegge togsatsinga? Oslo – Bergen er i dag ei av dei mest trafikkerte flystrekka i Europa – vi treng å få desse passasjerane over på tog. Vi kan heller ikkje elektrifisere heile bilparken – det er det ikkje nok ressursar til i verda – løysinga for framtida er tog.

Det er sikkert ei krevjande øving for samferdselsministeren å rydde opp i prosjekta i Nasjonal transportplan. Vår bøn er at flyplassar, enorme fjordkryssingar, skipstunnelar og motorvegar vert sett på venterommet, og at jernbane, rassikring og trygge bruksvegar vert prioritert. 

K5 er eit prosjekt som svarar på utfordringane vi har framfor oss. Ikkje alle samferdselsprosjekt kan skryte av det same.

Kjartan Haugsnes
Varaordførar i Vaksdal og valt inn for SV.


På trykk i BA og Avisa Hordaland 22. september 2020