Påmeldingslenke– frist 1. februar
Kven møter på fylkesårsmøte?
Lokallaga har tildelte delegatar etter ein nøkkel som gir eit visst antall basert på medlemstalet i lokallaget. Dette er regulert i vedtektene. Ynskjer eit lokallag å sende observatør(ar), kan ein det, hugs påmelding i dette skjemaet. Og då vil lokallaget bli fakturert for alle kostnader knytta til observatøren (reise, overnatting osv.)
Kostar det noko å delta?
Lokallaga er med på eit spleiselag der ein betaler inn omlag 1250kr per delegat til fylket. Dette vert fakturert til lokallaget. Resten av årsmøtekostanden står Vestland SV for.
Du som deltakar sender eventuell reiserekning med kvitteringar i etterkant av møtet.
Reise og overnatting
Reis på rimelegaste og mest praktiske måte. Ein kan også få godtgjersle for å kjøyre eigen bil.
Vestland SV har gjort førehandsreservasjon på eit hotell i sentrum. Tilreisande oppfordrast til å ordne seg overnatting privat om ein har høve til det. Har ein for lang reiseveg til å rekke fram til møtestart laurdag, eller ynskjer å vere med på kveldssetet fredag, må ein gjerne kome fredag og overnatte ei ekstra natt.