Kandidatane våre i Sogn og Fjordane

Hege Lothe, 5. kandidat for Vestland SV

1. Hege Lothe (53), Gloppen

Hege bur på Sandane. Ho er mor til to ungdomar og arbeider som rådgjevar i Noregs Mållag. Ho er folkevald i Gloppen kommune, og sit også på fylkestinget i Vestland. Hege er bygdefeminist og særs oppteken av at alle skal kunne leve gode liv på bygda.

Følg Hege på Facebook!

Lik «Hege Lothe til Stortinget» på Facebook!

Følg Hege på Instagram!

Alice Hestad Vie, 2. kandidat i Sogn og Fjordane

2. Alice Hestad Vie (35), Askvoll

Alice bur i Stongfjorden. Ho er folkevald i Askvoll kommune. Ho er geolog og arbeider i Sunnfjord Geo Center som naturfarerådgjevar. Alice har to born og brenn for eit godt liv for barnefamiliar i distrikta, styrking av kommuneøkonomien og miljøvenlege løysingar.

Følg Alice på Instagram!

Sæmund Stokstad, 3. kandidat i Sogn og Fjordane

3. Sæmund Stokstad (40), Lærdal

Sæmund er busett på ein sauegard i Borgund i Lærdal. Han har tre born og jobbar som jordskiftedommar og er folkevald i kommunen. Han kjempar for gode vilkår for vestlandsbonden, høgare bemanning i barnehagane og ein god kvardag for born og unge.

Jakob Andre Sandal, 4. kandidat i Sogn og Fjordane

4. Jakob Andre Sandal (46), Sunnfjord

Jakob Andre er busett i Stardalen i Jølster. Han er digitaliseringsrådgjevar i Sunnfjord kommune, sauebonde og har tre born. Han er særleg oppteken av næringsutvikling i bygdene, tilgang til digital infrastruktur og gode kommunale teneste.

Følg Jakob Andre på Facebook!

Vibeke Johnsen, 5. kandidat i Sogn og Fjordane

5. Vibeke Johnsen (59), Sogndal

Vibeke bur i Sogndal og er folkevald kommunen. Ho har to vaksne born og arbeider med HR i Vestland fylkeskommune. Ho er oppteken av godt inkluderingsarbeid og gode kulturtilbod i heile Sogn og Fjordane.

Følg Vibeke på Facebook!

Følg Vibeke på Instagram!


Kontaktinformasjon til toppkandidatane

Hege Lothe
1. kandidat
E-post: hege.lothe@gmail.com
Telefon: 92648348

Alice Hestad Vie
2. kandidat
E-post: alicevie7@hotmail.com
Telefon: 95770087

Sæmund Stokstad
3. kandidat
E-post: semund@gmail.com
Telefon: 95780556

Jakob Andre Sandal
4. kandidat
E-post: jasandal@gmail.com
Telefon: 97777392

Vibeke Johnsen
5. kandidat
E-post: vibeke.j@online.no
Telefon: 95899022

SV-logo med slagordet "for dei mange - ikkje for dei få"