Stem SV i Hordaland!

“Stem SV for mindre forskjellar, sterkare fellesskap og ei grøn og rettferdig framtid»
Hordaland står foran eit retningsval. Korkje høgresida eller Arbeidarpartiet vil gje oss endringane vi treng. Ei regjering utan SV vil vere handlingslamma i møte med klimakrisa, naturtap og folkemord, og vil gje høgresida makt i viktige saker. Berre eit sterkt SV og ei regjering tydeleg plassert på venstresida vil gje krafta som trengst for å styrkje velferda, redusere forskjellane og stoppe klima- og naturkrisa.
Mindre forskjellar – betre velferd
Forskjellane i makt og rikdom aukar. Dei rikaste vert stadig rikare, medan vanlege folk slit med å betale rekningane sine. Mat og bustad har vorte dyrare, helsetenestene og skulen er under press og det vert kutta i velferda. Samstundes går bankane med rekordoverskot og det er fleire milliardærar i Noreg enn nokon gong. Skal vi få ned forskjellane og gje folk betre økonomi, må vi byggje ut velferda. Då må dei rikaste bidra meir.
SV vil:
- at det skal koste like lite å gå til tannlegen som til legen
- auke barnetrygda slik at færre barn veks opp i fattigdom
- gjere barnehage og SFO gratis for alle barn
- tilsetje fleire i helsevesenet, skulen og barnehagane
- senke skatten på vanlege inntekter og auke den på store formuar og finanssektoren
- byggje fleire bustader som folk har råd til, og regulere korttidsutleige
Saman kan vi stanse klima- og naturkrisa
Vi opplever meir flaum, ras og ekstremvêr fordi utsleppa ikkje vert kutta raskt nok og vi mistar uerstatteleg natur. Difor vil SV kutte 80 % av klimautsleppa i Noreg innan 2035 og ta vare på naturen i tråd med FN sin naturavtale. Vi vil prioritere kollektivtransport og trygge, rassikre vegar framfor naturøydeleggjande motorvegar. Vestlandet risikerer å miste industri og arbeidsplassar om vi ikkje omstiller raskt nok.
SV vil:
- stoppe motorvegprosjektet Hordfast og heller satse på Bergensbanen og rassikre vegar
- byggje ut kollektivtransporten med bybane til Åsane, el-buss, utsleppsfrie hurtigbåtar og sykkelvegar
- sikre verna vassdrag og verne fjell- og kystnaturen mot vindkraft, kraftliner og nye hyttefelt
- seie nei til nye oljefelt og heller satse på nye industriar som grøn skipsfart, flytande havvind og karbonfangst og -lagring
- hindre gruvedrift på havbotnen og krevje lukka oppdrettsanlegg
Internasjonal solidaritet
Demokratiet og folkeretten er under åtak. Trump, Putin og Netanyahu – støtta av dei aller rikaste i verda – fører ein ekstrem politikk som trugar fred og fridom. Israel sitt brutale åtak på palestinarane i Gaza er eit folkemord og eit åtak på internasjonal rett. Russland sine brutale krigsbrotsverk i Ukraina må stoppast.
Noreg må stå på rett side av historia og gjere meir for å hindre urett.
SV vil:
- boikotte Israel og trekkje Oljefondet ut av selskap som bidreg til krigsbrotsverk og ulovleg okkupasjon
- hindre at norskproduserte våpen vert nytta i strid med folkeretten
- gje sivil, humanitær og militær støtte til Ukraina sin fridomskamp
- nytte minst 1 % av brutto nasjonalinntekt til bistand
- styrkje den globale klimafinansieringa og trekkje Oljefondet ut av fossil energi
