Dei 10 valløfta våre for Hordaland
Desse lokale sakene vil Marthe Hammer og SV kjempe for i den komande stortingsperioden:
1
Byggje bybane til Åsane så snart ein realistisk trase er vedteken lokalt og starte bygginga av forlenga Fløyfjellstunnel snarast.
2
Stoppe Hordfast. Planleggje rassikker veg og jernbane mellom Stanghelle og Voss og sikre meir pengar til rassikring, fylkesveg, kollektiv og ferje.
3
Gjenopprette eit eige kvinnefengsel i Hordaland.
4
Sikre framdrift og finansiering til samlokaliseringa av Havforskingsinstituttet, Fiskeridirektoratet og Akvariet på Dokken og UiB si teknologi- og forskingsklynge på Nygårdshøyden sør.
5
Redusere den skeive fordelinga til dei nasjonale kultur-institusjonane i Bergen. Jamstille finansieringa av Den Nationale Scene med dei andre nasjonale teatera og sikre støtte til Bergslien-museet og Jon Fosse-senteret.
6
Stoppe raseringa av fjell- og kystnatur med vindkraft og nye kraftliner som Sauda-Øygarden.
7
Etablere oppdrettsfrie soner og marine verneområde i Hardangerfjorden og Krossfjorden.
8
Sikre finansiering av karbonfangsanlegget i Rådalen.
9
Oppretthalde lokalsjukehusa i Odda, Voss og Stord, og Valen sjukehus.
10
Finansiere minst 4 000 bustader utanfor den kommersielle bustadmarknaden i Hordaland.
Ved sist stortingsval sto ny rassikker veg og bane mellom Arna og Stanghelle, nye bygg for Rafto-stiftinga og Griegakademiet, og auka løyvingar til KODE på lista vår. Det gav resultat!

