Stem SV i Hordaland

Publisert av: froydis.olaussen Publisert: 09. august 2021
Oppdatert: 24. august 2021
Lesetid: ca. 3 min
For dei mange, ikkje for dei få

Rettferdig Noreg

Korleis me løyser koronakrisa avgjer kva slags samfunn me får etterpå. Høgreregjeringa somlar i møte med arbeidsløysa og permitteringar. Me må hindra at arbeidsløysa bit seg fast. Fellesskapet skal stilla opp for både folk og bedrifter.

Hordaland står føre eit retningsval. Den 13. september vert det avgjort om høgresida framleis skal styra Noreg. Ei sentrumsregjering med Sp og Ap vil ikkje levera den endringa som trengst, men vil gje høgresida makt og påverknad i mange saker. Det er berre eit sterkt SV og ei raudgrøn regjering plassert på venstresida, som vil sikra ein ny politisk kurs.

Gratis SFO og betre tannhelse

SV går til val på to store reformer for å styrkja velferda. I dag er foreldra si inntekt og bakgrunn eit hinder for at alle born får gå på SFO. Me vil ha gratis SFO slik at alle kan bli med på leiken. Tannhelse er i dag eit hol i velferdsstaten, som SV vil tetta, slik at det ikkje kostar meir å gå til tannlegen enn å gå til legen.

Dersom me skal få skilnadane ned og sørgja for gratis SFO og billigare tannhelse til alle, må dei rikaste betala meir skatt på store formuar og høg arv. 

SV vil sikra ein lovfesta og reell rett til heiltid. Me vil avskaffa bemanningsbransjen og kjempa mot sosial dumping og diskriminering. Det er spesielt viktig for alle dei låglønte kvinnene som ber velferda på sine skuldrer.

Noreg skal vera eit land der menneske som kjem i krise og store vanskar, skal få den hjelpa dei treng. SV veit at ingen kriser vert mindre av at den som vert råka, vert fattigare. Derfor må me heva inntekta for arbeidslause med låg løn og sørgja for eit nivå på sosialhjelpa som gjev folk høve til å frigjera seg sjølv og byggja eit betre liv for seg og sine.

SV vil stansa alle høve til å tena pengar på vår felles velferd. Når private skal tena pengar på velferd, gjev det ikkje berre eit dårlegare tilbod for barn, sjuke og eldre, men det går også ofte ut over arbeidsvilkår, løn og pensjon for dei tilsette.

Rettferdig grønt skifte

Saman må me løysa klimakrisa og stansa nedbygginga av natur og dyrka mark. Me skal byggja Bybana til Åsane og kjempa mot helsefarleg luft og lokal forureining med ei langt meir miljøvenleg byutvikling. SV seier klart nei til Hordfast, samstundes som me vil byggja ny jernbane på strekninga Bergen – Voss og ny E16 så fort som mogeleg.

Det er i dei neste fire åra det vert avgjort om Noreg vil nå sine klimamål, og om me lukkast med å omstilla arbeidsplassar og industri. Dersom me ventar, vil me verta alt for oljeavhengige, og me legg grunnlaget for arbeidsløyse og industridød.

Me skal kutta klimautslepp, byggja opp nye næringar, sikra arbeidsplassar og dela godane for å få ned dei økonomiske forskjellane. Me vil endra avgiftssystemet slik at folk med låge inntekter får tilbake dei pengane dei betaler i auka klimaavgifter.

Rettferdig verd

Noreg må slutta seg til FN sitt forbod mot atomvåpen og seia nei til auka amerikansk militæraktivitet i Noreg. SV står fast på flyktningkonvensjonen sine forpliktingar og vil byggja vår politikk på solidaritet og medansvar. Derfor vil me auka talet på kvoteflyktningar og sikra ein solidarisk handels- og utviklingspolitikk.

Les SVs 10 Hordalandsløfter

Våre kandidatar

Stem SV for ny raudgrøn regjering!

Fylg Vestland SV på Facebook