Siste fylkesting i Vestland for 2022 er i gang.
Disse dagane skal vi vedta fylkesbudsjettet for 2023. Saman med fleirtals partiene AP, SP, MDG, Venstre og Krf er vi i SV stolt over å ha fått et fylkesbudsjett som gjer Vestland meir rettferdig og grønnere. Det viktigaste er å få fleire på buss og bybane, vi treng fleire avganger, ikkje færre, og det er viktig å holde prisane nede og gjere det billegare for fleire. Det er viktig at elevane våre har det bra på skulen både fagleg og sosialt. Eit godt skulebudsjett blir betre når vi no får miljøkoordinatorar på alle dei vidaregåande skulane og meir pengar til skulefrokost.
Prisane i Noreg har auka og fleire har problem med å få pengane til å strekkje til, i budsjettet som blir vedtatt på fylkestinget gjer vi det billigare for familiar og studentar å reise kollektivt, i tillegg gir vi ei ekstra løyving til Robin Hood-huset på 1 million kroner og auka støtte til Kirkens Bymisjons viktige arbeid, blant annet til tannhelsehjelp for papirlause flyktninger.
SV har i forhandlingar med regjeringa fått fleirtal for å setje i gang ei tannhelsereform, med å inkludere fleire aldersgrupper inn i den offentlege tannhelsetenesta. Det er fylkeskommunen som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta, og i dette budsjettet har vi fleirtal for å auke både rekruttering og fortgang i utbygging av tannhelseklinikkene i Sogndal, Florø, Odda og Bømlo.
Vi styrkar både idretten og kulturen i Vestland med løyving til Moster Amfi, Ishall på Stord, Kode, Astruptunet, Vektløfting VM, mobile bibliotek og mykje meir.
Sjå budsjettforslaget her
I tillegg fremjar vi interpellasjon om naturmangfald i Vestland
Spørsmål om sykkelveg ved Bybanen mot Åsane
Spørsmål om omstilling for tilsette i fylkeskommunen