Fylkestingsvalet 2027

Fylkestingsvalet 2027

I 2027 er det fylkestingsval, og Vestland SV skal laga nytt valprogram og stilla liste. Kva meiner du Vestland SV skal gå til val på, og kven skal representera oss i fylkestinget?


Nominasjon til fylkestinget

I 2027 er det fylkestingsval, og Vestland SV skal stilla liste med sterke kandidatar frå heile fylket. Målet med nominasjonsprosessen er å setja saman ei liste med folk som både kan gjera ein solid jobb fram mot valet og i fylkestinget fram til 2031. Lista skal ha ein god balanse mellom geografi, kjønn, alder, bakgrunn og erfaring.

Open innspelsrunde

Alle medlemmar og organ i partiet kan spela inn kandidatar til fylkestingslista, og ein kan spela inn så mange kandidatar som ein ønskjer. Framlegg frå lokallag og andre partiorgan veg tyngre. For at eit organ skal sende inn namn, må det vere vedteke i styret eller på medlemsmøte. Du kan også føreslå kandidatar frå andre kommunar enn din eigen. Lista skal spegla heile Vestland, så ikkje hald att gode namn.

Send innspel til nominasjonsnemnda i dette skjemaet.

Innspelsfrist: 3. mai 2026

Nominasjonsnemnda

Fylkesårsmøtet har valt ei nominasjonsnemnd med fem medlemmer. Fire er valde av årsmøtet, og eitt medlem er vald av Vestland SU.

Steinar Nørstebø, Bergen (leiar for nominasjonsnemnda)

Nils Magne Blålid (Stord), Lina Kristine T. Vatshelle (Bjørnafjorden), Vibeke Johnsen (Sogndal) og Vera Floen Larssen (Vestland SU).

Vidare prosess

1. september 2026
Første utkast til liste blir sendt på høyring til lokallag, bydelslag, studentlag og Vestland SU.

21. september 2026
Frist for tilbakemelding på høyringsutkastet.

8. oktober 2026
Endeleg framlegg til liste blir publisert (minst 30 dagar før nominasjonsmøtet).

7. november 2026
Nominasjonsmøte der fylkestingslista blir endeleg vedteken.


Nytt fylkesvalprogram

Vestland SV skal stilla i fylkestingsvalet i 2027 med eit ambisiøst, relevant og konkret valprogram. Programmet skal vera tydeleg i valkampen, og fungerA som eit praktisk arbeidsverktøy for fylkestingsgruppa i valperioden 2027–2031.

Open innspelsrunde

Alle medlemmar spela inn forslag til nytt valprogram. Programnemnda vil også henta innspel frå organisasjonar, rørsler og andre aktørar det er naturleg for SV å samarbeida med, og frå folk som ikkje nødvendigvis er aktive i politikken frå før. Lokallag, utval og andre partiorgan blir spesielt oppmoda om å bidra.

Skjema for innspel kjem i løpet av mars 2026.

Frist for innspel: 31. mai 2026

Programnemnda

Fylkesårsmøtet har vald ei programnemnd med sju medlemmer. Seks er valde av årsmøtet, og eitt medlem er vald av Vestland SU.

Åsmund Berthelsen, Sunnfjord (leiar for programnemnda)

Asle Olsen (Bjørnafjorden), Alexander Papas (Bergen), Tina Åsgård (Bergen), Hilde Hildal Hauglid (Stord), Ragnhild Freng Dale (Bergen), Emil Velken Soldal (Voss) og Jona Kvale Svenbalrud (Vestland SU).

Vidare prosess

Første utkast – 17. august 2026
Blir send på høyring og publisert offentleg.

Frist for innspel: 13. september 2026

Andre utkast – 11. oktober 2026
Oppdatert versjon blir send på ny høyring.

Frist for innspel: 15. november 2026

11. januar 2027
Programnemnda legg fram endeleg forslag til fylkesvalprogram.

Fylkesårsmøtet 2027
Endeleg vedtak av fylkesvalprogram. Framlegg til endringar før årsmøtet må sendast til fylkesstyret innan fristar som blir fastsette hausten 2026.