Vestland SV seier nei til vindindustri i fjellheimen

Publisert av: sigrid.sandal Publisert: 14. februar 2023
Oppdatert: 14. februar 2023
Lesetid: ca. 1 min

Nyleg avgått miljøpolitisk leiar i Vestland SV Åsmund Berthelsen

Fylkesårsmøte i Vestland SV vil ikkje ha meir vindindustri i fjellheimen.

I ei fråsegn seier partiet eit klårt nei til planane i vindkraftutbygging i Snøheia mellom Sunnfjord og Høyanger kommune, og i Stølsheimen og Matrefjella i Nordhordland.

Dette meiner partiet må bli konklusjonen om styresmaktene tek naturavtala frå før nyttår på alvor. Vestland SV meiner at både sentrale, regionale og lokale styresmakter må ta kampen mot ytterlegare naturtap på alvor og leggje avgjerande vekt på dette i viktige einskildsaker som vegbygging, bygging av hytter/fritidshus, næringsareal, bustadbygging – og bruk av natur til vindindustri.

I fråsegna seier SV at klimakrisa ikkje vert løyst med å bygge ned og øydelegge meir natur. Det er tvert om, meiner SV. Meir nedbygd og øydelagt natur vil forsterke klimakrisa då klimautsleppa frå nedbygde areal og øydelagt natur er store.

Ein kan lese heile fråsegna her.

Medforfattar av fråsegna Åsmund Berthelsen kan kontaktast for spørsmål på 93237073