Nominasjon til stortingsvalet 2025

I 2025 er det stortingsval. SV stiller til val på å få ned skilnadene, kutte klimagassutsleppa og verne mest mogleg natur. Men for å stille til val, må vi stille vallister, og til det trengs nominasjonsprosessar for å finne kandidatar. Me stiller ei liste i valkrinsen Sogn og Fjordane, og ei i Hordaland valkrins.

Siktemålet for nominasjonsprosessane er å sørge for at SV stiller til val med gode kandidatar, som er klare til å gjere ein god jobb fram mot valet – og klare for å ta sete på Stortinget. Ein viktig del av dette arbeidet er å finne kandidatar med ulik bakgrunn og ulike erfaringar. Særleg viktig er det å få med grupper som er underrepresentert i politikken ellers, og som har interesse av SV-politikk.

Prosessen

På Vestland SV sitt fylkesårsmøte 10. og 11. februar 2024 vart to nominasjonsnemnder valt – ei for valkrins Hordaland, og ei for valkrins Sogn og Fjordane. Der vart det også vedteke eit mandat. Det er desse nemndene som lagar eit framlegg til vallister med kandidatar. Og dei skal ikkje få gjere jobben heilt åleine, dei treng nemleg innspel og framlegg til kandidatar frå organisasjonen.

Det er ein felles frist for å kome med framlegg til kandidatar for begge valkrinsar. Denne fristen er 1. mai 2024. Framlegg til kandidatar kan sendast av einskilde medlemmer, eller av lokallag, bydelslag (i Bergen), Vestland SU, og andre formelle SV-organ i Vestland.

Skjema for innsending av innspel til nominasjon

Nominasjonsnemndene vil deretter førebu sine fyrste utkast til stortingslister i Hordaland og i Sogn og Fjordane innan 1. september 2024. Lokallaga ha då 20 dagar på å melde tilbake synspunkt og forslag til endringar i lista.

Med bakgrunn i innspela frå lokallaga, vil nominasjonsnemndene arbeide viadare og legge fram sitt endelege framlegg til stortingsliste. Framlegget til kvar nemnd vil gjerast kjent 30 dagar før nominasjonsmøtet i deira valkrins.

Nominasjonsmøta vedtek sine eigne forretningsordenar. Det er jamvel slik at om utsendingar vil fremje endringsframlegg til det endelege framlegget frå nemnda, må det skje seinast 5 dagar før nominasjonsmøtet.

Dato for nominasjonsmøta

Nominasjonsmøtet i Hordaland vert laurdag 2. november 2024.

Nominasjonsmøtet i Sogn og Fjordane vert laurdag 9. november 2024.

Meir informasjon kjem.

Kontakt nominasjonsnemndene

Hordaland

Frøydis Olaussen, Bergen (leiar)

Steinar Nørstebø, Bergen

Kjartan Haugsnes, Vaksdal

Hege Lægreid Røssland, Kvinnherad

Hlin-Såga Brosvik Kyrkjeøy (SU)

Kontakt: froydis.olaussen@gmail.com

Sogn og Fjordane

Katrine Anita Heggelund, Gloppen (leiar)

Gaute Losnegård, Askvoll

Jan Sigurd Haugen, Sogndal

Hilde Brotangen Helleland, Vik

Andreas Liheim (SU)

Kontakt: katanita@gmail.com

Vedtekter

Prosess kring nominasjonen og nominasjonsmøta er regulert i vedtektene.
Sjå her for gjeldende vedtekter.

SV-logo med slagordet "for dei mange - ikkje for dei få"