Støtt oss økonomisk!

Ynskjer du å gje ei gåve til Vestland SV og lokallaget ditt?

Bruk Vipps-nummeret: 122679

Alle bidrag vert delt mellom fylkeslaget og lokallaget du soknar til. Du må gjerne merke kva lokallag du ynskjer at andelen skal gå til.

Pengegåver vert brukt på medlemsaktivitet i lokallaga og valkamp for Stortingsvalet 2025. Skal me sikre kandidatane våre plassar på stortinget trengs det kroner i valkmapkassen.

Alle bidrag blir motteke med stor takksemd.

Bli fast gjevar

Autogiro-avatale med SV

Er du medlem i partiet og ynskjer å gi eit valfritt beløp kvar månad? Ta kontakt med oss på vestland@sv.no, så hjelper me deg å sette opp autogiroavtale.

Sette opp faste oppdrag i din nettbank

Faste oppdrag er ein enkel måte å verte fast gjevar på. Det rullar og går kvar månad, og du kan enkelt endre beløpet eller stanse bidraget når det passer for deg.

Slik set du opp faste bidrag i Sparebanken Vest- steg for seg

Steg 1: trykk på feltet ‘Betale’

Steg 2: trykk på «faste oppdrag»

Steg 3: trykk på «nytt fast oppdrag«

Steg 4: Legg inn betalingsdetaljar
Sjekk at du er inne på sida ‘Fast betaling’ og ikkje ‘Fast overføring’.

Legg deretter inn kontonummer, ønska beløp, ønska frekvens, oppstartsdato og melding. Skriv gjerne kva lokallag du vil at halvparten av bidraget ditt skal gå til. Om du ynskjer å berre gje til fylkeslaget, skriv du dette.

Liste over våre lokallag finns her: https://vestland.sv.no/vare-lokallag/
I kommunar der me ikkje har lokallag, fell heile beløpet til Fylkeslaget.

Kontonummer til Vestland SV: 7874.06.67601

Klikk deretter på ‘Neste’.

Steg 5: Stadfest detaljar
Sjekk at detaljane er riktig. Kryss av for at innhaldet er forstått, og trykk deretter på pila.

Steg 6: Stadfest handling med BankID

Steg 7: Du har no blitt fast gjevar.
Tusen takk for at du er blitt fast gjevar. Det kjem godt med i kampen for miljø og rettferdigheit.

Om du ønsker å sjå, endre eller slette ditt faste oppdrag, kan du gjere det frå lista over faste oppdrag. Følg steg 1 og 2 på nytt, så finn du oppdraget i oversikten ‘Mine faste oppdrag’. Trykk på tannhjulet til høgre om du vil endre noko.

Slik set du opp faste bidrag i DNB- steg for steg

Steg 1: Trykk på feltet ‘Dagligbank og lån’

Steg 2: Trykk på ‘Faste oppdrag’

Steg 3: Legg inn betalingsdetaljar
Legg inn kontonummer, ønska beløp, ønska frekvens, oppstartsdato og melding. Skriv gjerne kva lokallag du vil at halvparten av bidraget skal gå til.

Liste over våre lokallag finns her: https://vestland.sv.no/vare-lokallag/

Kontonummer til Vestland SV: 7874.06.67601 Klikk deretter på ‘Neste’

Steg 4: Stadfest betalingsdetaljar
Sjekk at detaljane er riktig. Du kan også nytte anledninga til å skrive inn namn på mottakar (for din eigen del). Trykk deretter på ‘Bekreft’.

Steg 5: Stadfest handling med BankID

Steg 6: Du har no blitt fast gjevar.

Tusen takk for at du er blitt fast gjevar. Det kjem godt med i kampen for miljø og rettferdigheit.

Viss du ønsker å sjå, endre eller slette ditt faste oppdrag, kan du gjere det frå lista over faste oppdrag. Følg steg 1 og 2 på nytt, så finn du oppdraget i oversikten ‘Mine faste oppdrag’. Trykk på tannhjulet til høgre om du vil endre noko.

Informasjon om lovverk rundt å gje økonomiske bidrag

Økonomiske bidrag til politiske parti er regulert i partilova. Bidragsytar kan ikkje:

Vestland SV har som politisk parti på fylkesnivå også plikt til å rapportere offentleg dei bidragsytarane som innan eitt år har gitt bidrag (samla eller i eitt) til ein verdi av kroner 23 000 eller meir. For lokallaga er grensa 12 000 kroner.

Om du har spørsmål, kan du ta kontakt med vestland@sv.no.

Ynskjer du å støtte SV parti sentralt?

Klikk her for å komme til SV sin sentrale gåveløysing. Her kan du også sette opp fast avtale på bidrag. Desse pengane vert ikkje overført direkte til fylkes- og lokallag.