Ressursar for lokallaga

Her ligg dokumentmalar og kampanjemateriell

Vervekampanje 2024

Bruk gjerne sommaren på å legge ut delebilete i SoMe kanalar om medlemsskap. I Meta business kan de førehandsplanlegge innlegg og ta ferie med godt somvit. Eller kanskje de vil sparke i gong hausten med ei kampanjeveke med verving?

Under finn de delebilete, tekstforslag og plakatar klare. Samt forslag til ulike aktivitetar de kan gjere for å verve fleire folk.

Delebilete til sosiale medier:

Tekst til å følgje med delebilete:

Har du lyst til å støtte oss politisk? Bli medlem!
Eit medlemsskap i SV kostar deg 100kr fyrste året (deretter 350,- pr år) og er eit tydeleg signal om at vår politikk fungerer. SV ynskjer å bli eit sterkare lag som tek og vinn politiske kampar. Eit sterkare lag for miljøet, for fordeling og likestilling.

Som medlem styrkar du oss i politisk kraft og gjennomslagsevne, og du får moglegheit til å bestemme kva SV skal meine og prioritere. Medlemma våre får også delta på sosiale arrangement, aktivitetar lokalt og konferansar. Ikkje minst blir du del av eit stort sosialistisk fellesskap med engasjerte folk frå heile landet.

SMS- verving

Direkte kontakt fungerer ofte best. Å bli spurt om å vere medlem i SV er eit kompliment! Me har gode verdiar, gode folk og dei fleste syns det er hyggjeleg å bli invitert med.

Tekstforslag:
Hei (XX), du meiner mykje godt om (den eine og det andre). Eg trur du hadde likt deg godt og funne meiningsfeller i SV. Kan du tenka deg å bli medlem? Mvh (deg sjølv)

Plakatar

Aktivitetar og arrangement

Raud-Grønn Kaffe
Ved å invitere til ein kaffikopp kan du kome i kontakt med folk i lokalmiljøet og bygge tillit og dialog på ein uformell måte. Dette kaller me for raud-grønn kaffe.

Sosialistisk Venstreparty
Sosialistiske Venstrepartys, eller homeparties, er kort og godt sosiale sammenkomstar arrangert av kandidatar, medlemmer, sympatisørar eller aktivistar. Her snakkar ein politikk, løysingar på små og store problem og gjer noko sosialt heime hjå nokon.

Stå på stand i nærmiljøet

I og utanfor valkamp er det lurt å vere ute og minne folk på at 1) vi eksisterer, 2) er kjekke og hyggjelege folk og 3) er opptekne av politikk og lokalmiljøet. På stand deler vi gjerne ut noko materiell og snakkar med folk. Lettast å komme i prat er det om ein profilerar seg på ei dagsaktuell og lokal sak. Ver nysjerrig på kva lokalbefolkninga meiner og still dykk lyttande til innspel og meiningar. Ei form for aktivitet folk kan delta på dreg ofte meir folk, quiz, avstemming, underkriftskampanje, vaffelsteiking, ballongar til ungar o.l.